I 2015 fikk eg og Torgeir Leivdal ein førsepurnad frå Vestnes kommune om å byggje ein gapahuk ved ein tursti som kommunen nyleg har bygd. Eg og Torgeir føreslo at kommunen kunne ta utgangspunk i ein lokal byggjeskikk, då tenkte vi på grindbygga. Grindbygga er ein av fleire andre tradisjonelle ståande-konstruksjonar som er representert på Vestnes.
Eg har budd og arbeid nokre år i Geiranger har og fått kikka og spekulert eindel på grinbygg frå det området. Eg og Torgeir bestemte oss for å ta utgangspunkt i grindbygg frå det området.
Eg har lært grindbygging frå Trond Oalann, han representerer ein tradisjon frå Hordaland. Den tradisjonen passer ikkje heilt inn i tradisjonen frå Sunnmøre eller Romsdal. Grindbygga på indre-Sunnmøre har nokre skilnadar frå dei lengre sør, Den største skilnaden er at skråbanda ligg på innsida av staven og opp i rafta, ikkje utapå slik som lengre sør. Det gjer at byggjeprosessen må gjerast på ein annan måte. Dette oppdraget gav oss mogleheita til å eksperimentere med det.
Vi starta med å fordele stavana utover rafta i lengderetning. Stavane vart lagt med 3″spenn på rafta som låg i plan.
Stavane er felt ned i rafta. Dei blir låst sidevegs.
På Sunnmøre og i Romsdalen er det ofte tatt ut ved i mellom stavøyra i rafta.
Vi snudde stavane og rafta fra ut til inn, slik at vi kunne tilpasse skråbanda som går i frå stav til raft.
Tilpassing av skråbanda. Vi tok ut 1/3 i skråbandet og 1/3 i staven. I rafta tok vi kun ut i skråbandet.
Vi borra for 2 naglar i skråbandet i rafta. Det er vanleg i Romsdalen og på Sunnmøre
Torgeir ryr beten med valldalsbila.
Vi nytta ein skant til oppmerking av betehalsen. Den samme skanten nytta vi på staven.
Torgeir justerer betehalsen med stikkjernet.
Stav og bete er jusert med 3″ spenn. No er det klart for tilpassing av skråband.
På Sunnmøre er ofte rafta låst for utoverpress i beten med ei felling. Kåre Løvoll kallar den «hjartet»
Vi lagde ikkje sperrehakka i rafta når ho låg på bakken. Sidan Rafta var øksa rett i overkant nytta vi riva til å merke djupna på hakket utvendig.
Naglen til venstre er varianten vi bestemte oss for. Dei 3 til høgre er naglar frå gamle grindbygg. Geiranger og Aukra.
Rafta skal ned i hjartet. Det kan minne om ei laft.
I Surnadal fikk vi kjøpt 150 kg med never som var lagra på ein låve. Denna nevera representerar kanskje kvalitet og dimensjon frå det området og den tida? Vi tekka etter eit prinsipp med dårleg never og dårleg torv.