Verktøysamling etter skipstømrar Anders A. Kvande

Verktøysamlinga etter Anders A. Kvande 1849-1929

Verktøysamlinga har tilhøyrd skipsbyggaren Anders A. Kvande, skrivast også Qvande. Anders A. Kvande hadde skipsbyggeri i Bøfjorden og fleire skip vart bygd ute i fjæra nedanfor det som i dag er Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

”D/S»Bøfjord» ble bygget som fiskefartøy i tre. Byggestedet var ved Mikkelgardsnausta på Bølandet. Bygginga var påbegynt i 1913 og ferdigstillet i 1914.

Skipsbygger var Anders Kvande fra Bøfjorden, og byggestedet beskrives som et spartansk verft og med enkel redskap. Det vitner om god fagkunnskap og gode håndtverkere for å bygge et fartøy av denne størrelse, med begrensede hjelpemidler. Det var med sitt utgangspunkt og i den tid, et stort fartøy…” (utklipp frå nettsida til stiftinga Maritim Historie Nordmøre)

Verktøysamlinga er donert til museet av etterkommerane til Kvande. Det er snakk om rundt hundre forskjellige verktøy som alle har sin plass i skipsbygginga. Det er mykje spesialverktøy og høvlar som nyttast i utforminga av spesielle detaljar og det aller meste ser ut til å vere produsert lokalt. Ein del høvelstål er industriproduserte, men mange er også smidde, truleg lokalt. Anders A. Kvande har signert ein stor del av verktøyet, men noko ber også andre signaturar. Noko er forseggjort og flott, medan andre ting er grove og mindre påkosta i utføringa. Alt verktøy i samlinga vart dokumentert, med oppmåling av sentrale mål og vinklar og annan relevant informasjon ein kunne lese ut av gjenstandane. Heile samlinga vart også fotografert med nummerering og ført inn digitalt den 20.2.2016. Oppmåling og dokumentasjon vart utført av Peter Brennvik, Håkon T. Fjågesund, Robert Otnes og Alexander Haug. KVANDE.jpg

Bilete synet bygginga av ”Skrøyfa”, i Bøfjorden vinteren 1914-15. (bilete henta frå trollheimsporten.no)

 

 

 

 

Skottbenk fra Aure og 3 stålsplogar

For noko sia var eg og Anders Gimse på Saga til Pål Rune Vik og henta noko kledningsbord. Der kunne Pål Rune Vik syne oss ein skottbenk med tilhørande hølvar. Høvlanne og skottbenken kjem frå ein gard på Skogset ikkje langt i frå fergekaia i Arasvika.

Skottbenken er 73 cm høg og 4,80 m lang. Festemåten er med skru. Opphaveleg har den vore kortare då langborda var påskøyt i eine enden.

Høvlane var typiske 3 ståls plogar som ein ofte finn på Nordmøre. Den eine paret med høvlar kan høvle bord med ei tjukne på 1 3/4″ og det andre 1 1/2″

Her kjem nokre bilete av benk og høvlar.

 

 

Golvplogar med flyttbart land.

Eg har komme over nokre variantar med golvplogar med justerbart land og høvelstål. Den eine variantet kjem i frå Romsdalsmuseet, Men dei er litt usikker på opphavstad.

Dei 2 andre har eg frå Geiranger.  Garden Møll og ein snikkarverkstad oppi Flydalen.

I frå garden Yste Rema. Stette. I Skodje Kommune har eg funnet eit høvel stål som sikkert stammar frå ein høvel som liknar på dei i frå Geiranger og Romsdalsmuseet. Det er mykje mekanikk på desse høvlane. Skal tru om dei har vore nytta i ein skottbenk?

Om det er nokon som har erfaring med desse høvlane er det flott om dei skriv noko kommentarar.