Verktøysamling etter skipstømrar Anders A. Kvande

Verktøysamlinga etter Anders A. Kvande 1849-1929

Verktøysamlinga har tilhøyrd skipsbyggaren Anders A. Kvande, skrivast også Qvande. Anders A. Kvande hadde skipsbyggeri i Bøfjorden og fleire skip vart bygd ute i fjæra nedanfor det som i dag er Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

”D/S»Bøfjord» ble bygget som fiskefartøy i tre. Byggestedet var ved Mikkelgardsnausta på Bølandet. Bygginga var påbegynt i 1913 og ferdigstillet i 1914.

Skipsbygger var Anders Kvande fra Bøfjorden, og byggestedet beskrives som et spartansk verft og med enkel redskap. Det vitner om god fagkunnskap og gode håndtverkere for å bygge et fartøy av denne størrelse, med begrensede hjelpemidler. Det var med sitt utgangspunkt og i den tid, et stort fartøy…” (utklipp frå nettsida til stiftinga Maritim Historie Nordmøre)

Verktøysamlinga er donert til museet av etterkommerane til Kvande. Det er snakk om rundt hundre forskjellige verktøy som alle har sin plass i skipsbygginga. Det er mykje spesialverktøy og høvlar som nyttast i utforminga av spesielle detaljar og det aller meste ser ut til å vere produsert lokalt. Ein del høvelstål er industriproduserte, men mange er også smidde, truleg lokalt. Anders A. Kvande har signert ein stor del av verktøyet, men noko ber også andre signaturar. Noko er forseggjort og flott, medan andre ting er grove og mindre påkosta i utføringa. Alt verktøy i samlinga vart dokumentert, med oppmåling av sentrale mål og vinklar og annan relevant informasjon ein kunne lese ut av gjenstandane. Heile samlinga vart også fotografert med nummerering og ført inn digitalt den 20.2.2016. Oppmåling og dokumentasjon vart utført av Peter Brennvik, Håkon T. Fjågesund, Robert Otnes og Alexander Haug. KVANDE.jpg

Bilete synet bygginga av ”Skrøyfa”, i Bøfjorden vinteren 1914-15. (bilete henta frå trollheimsporten.no)

 

 

 

 

Grindbygging etter Oalann og Geiranger.

I 2015 fikk eg og Torgeir Leivdal ein førsepurnad frå Vestnes kommune om å byggje ein gapahuk ved ein tursti som kommunen nyleg har bygd. Eg og Torgeir føreslo at kommunen kunne ta utgangspunk i ein lokal byggjeskikk, då tenkte vi på grindbygga. Grindbygga er ein av fleire andre  tradisjonelle ståande-konstruksjonar  som er representert på Vestnes.

Eg har budd og arbeid  nokre år i Geiranger har og fått kikka og spekulert eindel på grinbygg frå det området. Eg og Torgeir bestemte oss for å ta utgangspunkt i grindbygg frå det området.

Eg har lært grindbygging frå Trond Oalann, han representerer ein tradisjon frå Hordaland. Den tradisjonen passer ikkje heilt inn i tradisjonen frå Sunnmøre eller Romsdal. Grindbygga på indre-Sunnmøre har nokre skilnadar frå dei lengre sør, Den største skilnaden er at skråbanda ligg på innsida av staven og opp i rafta, ikkje utapå slik som lengre sør. Det gjer at byggjeprosessen må gjerast på ein annan måte. Dette oppdraget gav oss mogleheita til å eksperimentere med det.

 

Verktøykiste med verktøy frå «Krikjiin» Løvika, Tresfjord.

IMG_9370

Garden «Krikjiin» Slik den såg ut eingong på 60 tallet.

Eg har fått tak i verktøykista etter Anders Ivarson Løvik (1874 – 1968) frå garden «krikjiin» i Løvika inne i Tresfjorden. Vestnes Kommune.

Anders I. Løvik var far til Ivar, Sverre og Bjarne Løvik. Sønene starta Br. Løvik Båtbyggeri i 1938.

Eg har fotografert og tatt noko mål av alt verktyet som eg har frå den kista.

Det er mykje som tydar på at noko av verktkyet stammar fra far til Anders, Ivar Anders Løvik (1844-1930) Det ser slik ut på stil, stempel, overflatebehandling og «heimesmidde» høveltenner.

Reg. A.I.Løvik

Måle og merkevertky frå Tresfjord.

Eg var på jakt etter verkty i Tresfjorden og var så heldig å få hilse på  95 år gamle Nils J. Kjersem. Han kunne vise meg noko flotte måle og merkeverkty. blant anna ein gjeringsvinkel, passar og eit ripmott.

Den flotte gjeringsvinkelen er merka O.A.Rypdal. f: 1861. Ymse fagfolk eg har tala med meinar den høyrer til under rokkoko tida, dei daterar den til 1700 tallet.