Verktøysamling etter skipstømrar Anders A. Kvande

Verktøysamlinga etter Anders A. Kvande 1849-1929

Verktøysamlinga har tilhøyrd skipsbyggaren Anders A. Kvande, skrivast også Qvande. Anders A. Kvande hadde skipsbyggeri i Bøfjorden og fleire skip vart bygd ute i fjæra nedanfor det som i dag er Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

”D/S»Bøfjord» ble bygget som fiskefartøy i tre. Byggestedet var ved Mikkelgardsnausta på Bølandet. Bygginga var påbegynt i 1913 og ferdigstillet i 1914.

Skipsbygger var Anders Kvande fra Bøfjorden, og byggestedet beskrives som et spartansk verft og med enkel redskap. Det vitner om god fagkunnskap og gode håndtverkere for å bygge et fartøy av denne størrelse, med begrensede hjelpemidler. Det var med sitt utgangspunkt og i den tid, et stort fartøy…” (utklipp frå nettsida til stiftinga Maritim Historie Nordmøre)

Verktøysamlinga er donert til museet av etterkommerane til Kvande. Det er snakk om rundt hundre forskjellige verktøy som alle har sin plass i skipsbygginga. Det er mykje spesialverktøy og høvlar som nyttast i utforminga av spesielle detaljar og det aller meste ser ut til å vere produsert lokalt. Ein del høvelstål er industriproduserte, men mange er også smidde, truleg lokalt. Anders A. Kvande har signert ein stor del av verktøyet, men noko ber også andre signaturar. Noko er forseggjort og flott, medan andre ting er grove og mindre påkosta i utføringa. Alt verktøy i samlinga vart dokumentert, med oppmåling av sentrale mål og vinklar og annan relevant informasjon ein kunne lese ut av gjenstandane. Heile samlinga vart også fotografert med nummerering og ført inn digitalt den 20.2.2016. Oppmåling og dokumentasjon vart utført av Peter Brennvik, Håkon T. Fjågesund, Robert Otnes og Alexander Haug. KVANDE.jpg

Bilete synet bygginga av ”Skrøyfa”, i Bøfjorden vinteren 1914-15. (bilete henta frå trollheimsporten.no)

 

 

 

 

Økser frå smia til Jarle Skorgen I Tresfjord.

Eg har fått kikka i smia til Jarle Skorgen i Tresfjord. Smia var starta i 1885 av Lars E. Kjøpstad. (f: 1858)

Vi fant to økser i smia som truleg er smidd i den. Desse har eindel fellesetrekk med dei andre øksefunna vi har i frå Tresfjord. Hans Skeidsvoll frå Tresfjord skriv i spørjelista frå snikkarhandtverket: » Til snikring bruktest sjeggøks,bile. Til timbring «novøks» 6 merk tung»

Verktøykiste med verktøy frå «Krikjiin» Løvika, Tresfjord.

IMG_9370

Garden «Krikjiin» Slik den såg ut eingong på 60 tallet.

Eg har fått tak i verktøykista etter Anders Ivarson Løvik (1874 – 1968) frå garden «krikjiin» i Løvika inne i Tresfjorden. Vestnes Kommune.

Anders I. Løvik var far til Ivar, Sverre og Bjarne Løvik. Sønene starta Br. Løvik Båtbyggeri i 1938.

Eg har fotografert og tatt noko mål av alt verktyet som eg har frå den kista.

Det er mykje som tydar på at noko av verktkyet stammar fra far til Anders, Ivar Anders Løvik (1844-1930) Det ser slik ut på stil, stempel, overflatebehandling og «heimesmidde» høveltenner.

Reg. A.I.Løvik

Øks frå Liaaen verftet og Valldal.

Denna øksa her var det Anders Liaaen, tidligare direktør for Liaaen veftet, som overleverte til bankskøyte prosjektet i Ålesund rett før han døyde. Liiaen verftet vart starta av Nils. A. Liaaen i Ålesund i 1861 (4. Juni. 1820 – 21. Januar 1872) Nils A. Liaaen var opprinnelig frå Ljøfoss. 5-6km frå Hellesylt. Kan denne øksa opprinnelig komme frå Storfjorden/Sunnylven ein stad?

Den andre øksa er det Kåre Løvoll som har funnet. Den er truleg i frå Valldal.

Om ein ser på kartet er det ikkje store avstandane i mellom desse bygdene. Kan det vare samme smed? Uansett så er vi nok på sporet av ei øksedialekt?

Skjermbilde 2015-04-04 kl. 18.30.15

Ein kan følge bloggen til verftsformann Morten Hesthammer på bankskøyte bygginga her.

Økser frå Geiranger.

Eg har budd og arbeid nokre år i Geiranger, i den perioda har eg komme over nokre økser. Det er eindel fellestrekk som går igjen på dei øksene. Eg synest vedholet,nakke og kverk har eindel fellestrekk. Den største øksa er merka med eit smedstempel : «SM» Det gjennstår å finne ut kven smeden er.

Økser frå Tresfjord.

Her kjem eit utvalg av nokre øksefunn eg har gjort inne i Tresfjorden, mykje kan tyde på at desse øksene er smidd av samme smed, men vi veit enno ikkje kven smeden er. Eg og Erlingsmed har planar om å kikke på smia til Jarle Skorgen i Tresfjord. Den skal vist vare i frå 1800 tallet eingong. Kanskje vi finn noko spennande der?