I 2014 var det høvelmakarkurs på Romsdalsmuseet. I det høve fikk vi kikke på nokre gamle skottbenkar frå Romsmuseet si samling. Sidan eg er Romsdaling lyt eg nesten skaffe meg ein slik Romsdalsk-skottbenk.
Eg fann bilete, mål og inspirasjon på Skottbenkbloggen, medan Øyvind Vestad frå Romsdalsmuseet suplerte med fleire viktige bilete og mål.
Her kjem nokre bilete frå bygginga av føttene til benken.
Tappane på føttene blir overført til fotplata. Fotplata er i 3″ furu, medan føttene er i 3″ bjørk.
Sidan det er ulik bredde på foten og fotplata har eg ei senterlinje eg går ut ifrå.
Justering av tapphola
Uthogging av glidespor for den lause foten.
Grunthøvelen er fin for å justere djupna i sporet.
Overføring av tapphola for spentappen og glideklampen til den lause foten.
Overføring av tapphola for spentappen og glideklampen til den lause foten.
Eg laga spenntapen litt laus slik at den glir lett.
I midt område er grindbygga vanlege, eg laga spentappen med betehovud som beten i eit grindbygg.
«Glideklampen» vert nagla fast i den faste foten og fotplata.
Den lauste foten står med ein glidetapp ned i fotplata og skal gli lett på «glideklampen»
Eg måtte prøve prøve alt før eg gjorde alle delane fast. Fotplata har fått litt dekor og avslutning. Føttene har fått ein fasa kant og avrunda opp mot langborda.
«Glideklampen» blir åretta i fotplata. Eg har bruka ein 14mm nagle av bjørk.
Åretting.
Skottbenken fungerar med ein kile istaden for gjengar.
Eg laga kilen med 9 grader spenn.
Føttene er overflatebehandla med Kokt Linolje.
Tilbakeping: Bygging av Skottbenk med hjelp frå Skottbenkbloggen | Norsk Skottbenk Union